Eg er på avvenning

Håvard Vartdal bur 2 kilometer frå Vartdal Plast. I hine hårde dagar overnatta han på kontoret i fleire veker på grunn av døgnkontinuerleg jobbing. Han gav seg aldri. – Men no er eg på avvenning, smiler Sunnmøringen.

Publisert Sist oppdatert

Har du sett ei fiskekasse laga av isopor er det stor sannsyn for at det er eit produkt frå Vartdal Plast. Fabrikken på Vartdal var nemleg ein pioner på produksjonen av fiskemballasje, eller meir presist fiskekasser.

– Mottaking var lunken både frå lokalmiljøet, og ikkje minst frå fagmyndigheitene, fortel Håvard Vartal i denne episoden av Kystpodden.

Trong fødsel

Då far og mor til Håvard starta verksemda på Vartal, ikkje langt frå Ørsta på Sunnmøre, mangla det ikkje på skeptikarar. Bygdefolket tok ikkje satsinga på alvor. Innan fiskeindustrien var spikring av trekasser ein eigen profesjon, og trekassar var den mest vanlege emballasjen heilt frå til slutten av 1960-talet. 

– Du kan skjøne at i fiskeribygda Vartdal var skepsisen stor. Men ettersom tida gjekk, skulle den vende seg til å bli meir positiv, fortel Håvard. Han undrar seg meir over haldningen som kom for ein dag i Fiskeridirektoratet.

– Dei var skeptiske og støtta ikkje denne utviklinga i det heile, fortel han.

– Kvifor ikkje?

– Nei, det har eg aldri funne svaret på, svarar Håvard.

Håvard Vartal takkar kona si for at verksemda er der den er i dag. – Utan hennar støtte, hadde eg ikkje satsa på dette, seier han i denne sendinga av Kystpodden. Portrett av foreldra som starta det heile i bakgrunnen.

Teknologisk suksess

Håvard Vartdal sitt motto i heile sin yrkeskarriere har vore å liggje framom konkurrentane. Og det har han greidd. Vartdal Plast har blitt ei suksessbedrift med mange tilsette, fleire produksjonsanlegg rundt om i landet, og ikkje minst vore ei av dei mest innovative bedriftene innan sitt område i tre generasjonar. Stikkord som lav vekt, stor styrke, god isolasjonsevne har resultert i emballasje utvikla i samarbeid med industrien. At selskapet har gått inn i byggjebransjen med fleire produkt, og at dei ligg i front på berekraft med sitt program for sirkulær økonomi, er noko som Håvard er stolt over.

– Eg prøver å ikkje vere sjuande far i huset, sjølv om eg går på kontoret kvar dag. Eg er stolt over det vi har fått til, avsluttar han audmjukt.

Kystpodden: Høyr meg – Sjå meg, Laurdag 21. mars 2026 kl. 10 .00

Høyr og sjå på Spotify og kystpodden.no